Nominert til Stortinget for Arbeiderpartiet

Forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi
Forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi

mandag 28. november 2016

Forbundsleiar Leif Sande er klar til å kjempe vidare for sine hjartesaker som stortingspolitikar. Laurdag vart han nominert på 5. plass for Hordaland Arbeiderparti.

For å kunne satse som politikar, sluttar Sande i jobben som forbundsleiar i Industri Energi til våren. Men det betyr ikkje at han gjev slepp på sakene han brenner for.

– Eg får stor moglegheit til å halde fram arbeidet for framleis olje- og gassproduksjon i Noreg, låge straumprisar, ein klimapolitikk som ikkje tek jobbane frå folk, gode løns- og arbeidsvilkår, gode pensjonar, faste arbeidsplassar og bort med sosial dumping. Med eit rimeleg godt val i september, er plassen min på Stortinget sikker. For å ikkje kome i konflikt med jobben som leiar av Industri Energi, går eg av som leiar på landsmøtet i april, seier Sande.