Ungdommen avlyser alle samlingar ut året, men jobbar med alternative tilbod

Ungdomsleiar CharlotteSæbjørnsen i Industri Energi
Ungdomsleiar CharlotteSæbjørnsen i Industri Energi

fredag 21. august 2020

I samband mednyoppblomstring av Covid-19 serungdommen i Industri Energi seg nøydt til å avlyse kommandesamlingar ut 2020. – Det er utruleg kjipt, men smittevernet må setjast fremst, seier ungdomsleiar CharlotteSæbjørnsen. Samtidigjobber ungdommane med å utforme alternative former for medlemstilbod.

2020 har vore usikkert og vanskeleg for mange. Dette harogsåomfattaforbundets ungdoms- og studentutval. Da Norge stengde ned i mars, vart det plutseleg stilt eit spørsmålsteikn ved mange av aktivitetane våre.

–Da ferien begynte håpte viat hausten skulle gå som normalt, og at våre medlemar kom til å nyte godt av deikursa og konferansane vi skulle gjennomføre i haust, seier MikaelSchevik, nestleiar i ungdomsutvalet.

I samband mednyoppblomstring avcovid-19er deiimidlertidnøydt til å avlyse kommandesamlingar ut 2020.

– Det synst eg sjølvsagt er utruleg kjipt, men smittevernet må setjast fremst, er kommentaren frå ungdomsleiar CharlotteSæbjørnsen.

Sjølv om forbundets unge medlemar går glipp av fleire kurs og konferansar, kjem ikkjevåre unge tillitsvalte til å liggje på latsida. I staden skal dei tilbyalternative former for medlemstilbod.Dette poengterer studentleiaren Michal JanWarecki:

–Det blir eit annleis 2020, men vi skal no bruke tida framover til åutarbeide ei god erstatning til medlemane våre.

Industri Energi har 13 000 medlemar under 35 år, derav 2 400 studentar.