onsdag 29. mars 2017
Israel vil stoppe tilhengarar av boikott i å reise inn i landet. Industri Energi ber den norske regjeringa fordøme den nye lova.
Mandag 6. mars vedtok parlamentet i Israel, Knesset, ei lov som gjer det forbode å tillate innreise til Israel, og dermed Palestina, for menneske som støttar BDS (boikott, deinvesteringer og sanksjoner) av Israel. Loven rammar også dei som tek til orde for boikott av dei folkerettsstridige busetnadene på okkupert palestinsk land. Israel kriminaliserer dermed kritikk av brot på internasjonal lov.
Boikott og oppfordring til boikott er legitime politiske ytringar som er beskytta i eitkvart demokrati. EU har seinast hausten 2016 slått fast at retten til å oppfordre til boikott er beskytta av ytringsfridomen.
Industri Energi ber Norges regjering om å fordøme den israelske lova som hindrar boikott-tilhengjerar innreise til Israel.
Kneblar kritiske politiske ytringar
Israel sitt behov for å kneble kritiske politiske ytringar aukar i takt med deira sviktande omdømme som demokrati og rettsstat. Kritikarar av Israels politikk ovanfor palestinerane stemplast som antisemittar. Forsøka på å kriminalisere og delegitimere solidaritetsrørsla er tydelige teikn på frykt for den aukande støtta til BDS-bevegelsen.
Konsekvensen for dei som støttar BDS, er at dei blir kriminaliserte og hindra i å være solidariske med det palestinske folk. Norske kommunestyre som vedtar boikott, rammast på same måte. For palestinerane betyr lova at dei blir isolerte. Det er veldig alvorleg at ofra for okkupasjonen blir fråteke moglegheita til å fortelje omverda om uretten og lovbrota dei lever med dagleg.
I den israelske historieforteljinga er avhumaniseringa av palestinerane eit sentralt tema. Israelsk politikk bygger på undertrykking av palestinerane sine rettar. Dette blir grunnlaget for framleis utviding av busetnader og fordriving av palestinerane.
Bli med og vis at dette ikkje er greitt!
Torsdag 30. mars klokka 17 blir det også halde markering utanfor Stortinget i høve den palestinske landdagen og 6BDS-dagen. Arrangørar er Palestinakomiteen i Norge og Fellesutvalget for Palestina.
Bodskapen er:
Ta avstand fra Israels angrep på vår ytringsfridom! Kritikk av Israels folkerettsbrudd må ikkje kriminaliserast! Forsvar palestinernas rett til internasjonal kontakt – Sei nei til Israels isolering!