Bli med på Studentkonferansen!

I oktober blir årets Studentkonferanse til Industri Energi halde på Sola.
I oktober blir årets Studentkonferanse til Industri Energi halde på Sola.

fredag 1. september 2017

Er du student og medlem av Industri Energi? Vil du lære meir om dine rettar som student? Da bør du melde deg på årets Studentkonferanse 6.-8. oktober. Bli med på ei helg med spanande innlegg, engasjement, val, fest og underhalding!

Kvifor er det viktig for studentar å fagorganisere seg? Korleis jobbar Industri Energi og LO for studenten? Kva slags arbeidsliv vil vi gå ut i når vi er ferdigutdanna? Korleis skapar vi samhald og engasjement på studiestedane?

Dette er spørsmål som konferansen på Clarion Air Hotel på Sola prøver å gi gode svar på.I tillegg blir medlemsdemokrati utøvd; du får bli med og velge nytt sentralt studentutval.Studentutvalet jobbar på vegner av Industri Energis 2500 studentmedlemar. I år står 2 nestleiarar, 3 medlemar og 1 varamedlem på val. Ein ny handlingsplan blir også vedteke. I tillegg kan vi by på fest og underhalding. Der vil du bli bedre kjent med studenter i Industri Energi fra både din og andre studieplasser.

Her kan du melde deg på konferansen

Framleis ledige plassar

Det er gratis å være med på konferansen. Vi har framleis 20 ledige plassar! Industri Energi har arrangert studentkonferanse i fem år. Etter kvart er den vorte ein av dei største arenaene for studentar i LO.

–Konferansen vil passe for alle. Uansett om du er nytt medlem, har vore med ei stund, eller er skikkeleg organisasjonsnerd, blir du fornøgd med det faglege på konferansen, seier studentleiar Michal Jan Warecki.

Difor bør du bli med!

Ved å delta på Studentkonferansen kan man lære mye og påverke retninga organisasjonen vil ta i åra framover. Det er òg et fantastisk høve til å bli kjent med andre studentar i Industri Energi og LO, treffe gamle og få nye venner. – Studentkonferansen er ein flott plass for læring, idéutveksling og nyskaping. Industri Energi er i tillegg LOs fjerde største forbund, og studentar blir høyrt av leiinga. Tar du ordet og foreslår noko for konferansen, kan dine forslag ein gong bli politikk for heile landet! seier Warecki.

Oleksii Sigal er no ferdig i studentutvalet, men vil anbefale andre studentar å engasjere seg.

–Studentutvalet er ei dei beste opplevingane eg har hatt gjennom skulelivet. Det har vore både spanande og utfordrande å arbeide for 2.500 studentmedlemmar, samt auke fokuset på studentarbeid i forbundet og gjere det betre og meir inkluderande. Eg er veldig stolt over å ha vore med på så mange utruleg lærerike og viktige arbeidsmøter, kurs, konferansar, seier han.

Du treng heller ingen forkunnskapar for å melde deg på konferansen, all nødvendig opplæring vil bli gitt. Samtidig vil du få verdifull erfaring i organisasjonsarbeid, kunne delta i spennande aktivitetar i heile landet, og bli kjent med mange spennande og engasjerte folk frå både student- og fagrørsla. Er du interessert eller har spørsmål, ta kontakt med leiar av valkomiteen, Jan Godfrey, for ein uforpliktande samtale. Du når han på e-post og telefon: jg@industrienergi.no / +47 975 46644.